Førre sideInnhaldNext Page



NSSAM Samfunnsfag 2, 10vt

(2. 10-vekttalseining/ S 2)

OPPTAKSKRAV

Samfunnsfag 2(10-vekttalseining) byggjer på samfunnsfag 1 (første 10-vekttalseining) eller tilsvarande kunnskap og gir større breidde og djupn både fagleg og didaktisk. Samfunnsfag 2 siktar meir mot ungdomssteget i grunnskulen enn det samfunnsfag 1 gjer. Studiet kan òg takast som frittståande eining.

FELLES MÅL FOR FAGET

Dei generelle måla er felles for dei to studieeiningane i samfunnsfag. Jfr.S 1.

INNHALD (MÅLOMRÅDE)

Sjå mål for historie, geografi og samfunnskunnskap i rammeplanen s.163-164.

Dei 10 vekttala er organisert etter dei tre målområda med denne fordelinga:

1. Historie

2. Geografi Region Afrika i eit globalt perspektiv (2vt)

Geografi er regifag til regionstudium Afrika, men både historie og samfunns-kunnskap har undervisning og pensum knytt til emnet.

Studium av ein ikkje-europeisk region/kulturområde og det globale perspektivet er viktig med tanke på grunnskulens samfunnsfagundervisning. Studiet vil også ha overføringsverdi til undervisning om andre land og verdsdelar.

· Studiet tar til med ei innføring i Afrikas naturgeografi, ressursar og miljø. På denne bakgrunnen vil ein studere miljø-og utviklingsproblem i verdsdelen med vekt på utvalde land og regionar i Afrika sør for Sahara

· Ved å studere norsk bistand til afrikanske land kan ein m.a. dra nytte av den kunnskap og erfaring som NORAD og andre organisasjonar har frå bistands-arbeid i Afrika. I studiet tar ein sikte på å utnytte slik kunnskap om lokale tilhøve ved å bruke "Case studies" frå afrikanske samarbeidsland.

· Fagdidaktikk og metodikk i samband med Afrikas geografi og det globale perspektivet i undervisninga er vesentlege mål i arbeidet med emnet

· Ein tar sikte på å tilby studieopphald i Kenya /Aust-Afrika knytt til prosjekt-arbeidet. Sjå prosjektarbeid / skriftleg arbeid.

3. Samfunnskunnskap

Pensum utgjer ei vidareføring og ein fagleg progresjon i høve til samfunnsfag 1.

I hovudsak er samfunnskunnskap samtidsorientert, men utviklingsperspektivet og tidsdimensjonen vert prøvt teke i vare ved koplingar til historiefaget.

Pensum og undervisning om Region Afrika (i samarbeid med geografidelen).

ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR

Dei ulike målområda stiller krav om varierte og aktive arbeidsmetodar som bruk av offentleg statistikk, informasjons-og kommunikasjonsteknologi, kjeldekritisk metode og bruk av media.

PROSJEKTOPPGÅVE.

Oppgåva er eit obligatorisk krav og må vere godkjent for at studenten kan gå opp til eksamen. Individuell oppgåve skal ha eit omfang på 12 - 15 sider. Prosjekt-oppgåva som gruppearbeid: 20 - 25 sider. Innleveringsfrist: 15. februar

Studentar som vel studieopphald i Aust-Afrika skal knyte oppgåva til Aust-Afrika der dei vil ha kontakt med faglærar/rettleiar under opphaldet.

Studentar som ikkje kan ta del i studiopphaldet i Afrika, skal i dette tidsromet lage eit alternativt arbeid under rettleiing av faglærar ved høgskulen.

TILBOD OM STUDIEOPPHALD I AUST-AFRIKA.

Ein tek sikte på å arrangere ei 4-vekers studiereise til Kenya/Aust-Afrika . Med base i Nairobi vert det ekskursjonar/utflukter og feltarbeid for studentar som vel prosjektoppgåve knytt til regionstudium Afrika. (Jfr.Prosjektoppgåve)

Før studieopphaldet er det viktig å etablere institusjonsavtale med eit Teachers' College i Kenya, også med tanke internasjonalisering og framtidig utveksling av samfunnsfaglærarar og studentar.

STUDIEEVALUERING / FAGKRITISK ARBEID. (Sjå S 1)

VURDERING OG EKSAMEN

Studentane må ha fått godkjent tema-/prosjektarbeid og eventuelle andre pålagde obligatoriske arbeid for å kunne framstille seg til eksamen.

EKSAMEN

Eksamen er ei individuell skriftleg prøve på 8 timar.

Karakterskala som Samfunnsfag 1.

PENSUM

1. Historie

Russisk historie

Verdshistorie

Afrikansk historie

Sjukdom og helse gjennom tidene

Didaktikk

2. Geografi

Region Afrika

3. Samfunnskunnskap

Atterhald om endringar m.o.t. pensumslitteratur.

Førre sideToppen av sidaNext Page