Førre sideInnhaldNext Page



DFF Dokumentarfilm og fjernsynsreportasje, 20 vt

(1-årig påbyggingsstudium)

OPPTAKSKRAV

Studiet byggjer på fullført journalistutdanning med fjernsynspesialisering frå HVO eller tilsvarande. Søkjarane må kjenne til dei praktiske og tekniske elementa ved ein videoproduksjon. Dei må sjølve kunne gjere lyd- og videoopptak og kunne redigere.

Søkjaren skal gjere greie for motiva for å søkje studiet. Vidare skal søknaden innehalde ei skisse til ein dokumentar eller reportasje. Søkjaren kan også leggje ved eksempel på produksjonar han/ho har deltatt i.

Før endeleg opptak kan eit utval av søkjarane få tilsendt ei oppgåve som skal løysast og returnerast til opptakskomiteen.

MÅL

Målet med studiet er gjennom praktisk produksjon og teoretisk undervisning å kvalifisere studentane for programproduksjon innan fjernsynsreportasje og dokumentar. Studiet disponerer profesjonelt videoutstyr.

INNHALD

Studiet er eit praktisk-teoretisk studium der studentane:

ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR

I haustsemesteret skal studentane lage obligatoriske øvingsproduksjonar etter vaktplan og med klåre tidsrammer. Fagfunksjonane vil rullere. Produksjonane blir knytte til undervisninga i fjernsynsreportasjens og dokumentarens historie og metode, med filmvisningar og analysar.

Produksjonane blir vurderte av faglærar. Alle oppgåvene må vere godkjende før studentane kan ta til med opptak av eksamensproduksjonen.

Samstundes skal studentane, aleine eller i smågrupper, gjere undersøkingar og utvikle eit manuskript med produksjonsplan for ein potensiell eksamensfilmproduksjon i vårsemesteret innafor ei gitt kostnadsramme. Produksjonsvedtak blir fatta før jul.

Studentane kan ha 7 veker ekstern praksis i 2. semester. Her vil både kringkastingsselskap og den private film- og videobransjen vere aktuelle praksisstader.

Ekstern praksis skal dokumenterast og evaluerast gjennom ein praksisrapport.

Det praktiske arbeidet vil i resten av 2. semester bli konsentrert om opptak og ferdiggjering av eksamensproduksjonane. Teoriundervisninga frå 1. semester vil halde fram i 2. semester.

VURDERING OG EKSAMEN

Studiet gir 20 vekttal. Høgskulen nyttar graderte talkarakterar på ein skala frå 1.0 til 6.0 der 1.0 er beste karakter og 4.0 er siste ståkarakter.

MEDHM Historie og metode (5 vekttal)

Dette er ein 6 timars eksamen i 1. semester.

MEDTE Teori (5 vekttal)

Dette er ein todelt eksamen som tek til med skriftleg heimeeksamen ei veke i 2. semester. Eksamen blir avslutta med ei munnleg høyring i pensum og diskusjon av heimeoppgåva. Karakteren etter skriftleg eksamen blir justert etter munnleg.

MEPRD Produksjon (5 + 5 vekttal)

Dei første 5 vekttala er knytte til det praktiske arbeidet i 1. semester. Kurset blir avslutta i 2. semester med ei vurdering og diskusjon av eksamensproduksjonen. Saman med eksamensproduksjonen skal det leverast metoderapport. Karakteren på eksamensproduksjon blir justert etter munnleg.

Produksjonar og produksjonsrettar Studentane må kjøpe eller betale depositum for kassettar til opptak og redigering. Studentane ved dette studiet har dei kommersielle rettane til eksamensfilm-produksjonen. Høgskulen skal ha ein masterkopi for ikkje-kommersiell bruk, td. for påmelding til festivalar og marknadsføring av studiet i inn- og utland. Til slikt bruk kan filmane nyttast utan nærare avtale med regissøren. Høgskulen i Volda skal krediterast som produsent.

For dei andre øvingsproduksjonane gjeld dei produksjonsrettane som står omtala i innleiinga.

PENSUM

Reviderte pensumlister blir lagde ut på høgskulens heimesider på internett ved starten av kvart semester.

Førre sideToppen av sidaNext Page