OPPTAKSKRAV OG KOMPETANSE
Mediekunnskap 1 og 2 er nettbaserte kurs på høgskulenivå. Dei blir gjennomførte i samarbeid mellom FB Fjernundervisning (Folkets Brevskole) og Høgskulen i Volda. Opptakskravet er generell studiekompetanse eller opptak basert på realkompetanse.
Vi rår til at studentane gjennomfører Mediekunnskap 1 før dei eventuelt tek til med Mediekunnskap 2 sidan Mk 2 i stor grad byggjer på Mk I. Begge kursa gir formell kompetanse i høgskulesystemet i form av ti vekttal. Til saman gir dei altså 20 vekttal, noko som tilsvarar eitt års fulltidsstudium.
ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR
Kursa er sette saman av pensumlitteratur, rettleiingsmateriell og praksiselement. På nettet blir studentane organisert i diskusjonsgrupper med fagleg rettleiing. Studentane får oppgåver med 10 obligatoriske innleveringar. Innleveringane må vere godkjende og stått før studentane kan gå opp til eksamen. Meir om desse studietilboda finn ein på http://www.kurs.fb.no/kurs/mediekunnskap/ og
http://www.kurs.fb.no/kurs/mediekunnskap2/
INNHALD
Studiet i mediekunnskap gir eit akademisk innsyn i faget. Dei praktiske kurselementa utgjer berre ein mindre del av kurset og tener som støtte til hovudføremålet, å gi teoretisk kunnskap om massemedia, deira funksjon og rolle i samfunnet, om uttrykksformene og arbeidsmetodane, og ei innføring i pedagogikk og metode for analyse og kritikk av media.
Kursa gir kunnskap som vil vere nyttig både for lærarar, journalistar, informasjonsarbeidarar og andre, som tillitsvalde i organisasjonar og arbeidstakarar med informasjonsoppgåver.
MÅL
Studentane skal tileigne seg:
- ei forståing av kva medievitskap er og kva rolle massemedia speler i dagens samfunn,
- eit oversyn over det norske mediesystemet, mediehistorie, strukturar, institusjonar og organisering,
- ei forståing av særpreget, sjangrane og språket til dei viktigaste massemedia,
- eit grunnleggjande innsyn i profesjonelle arbeidsmåtar og metodar i dei ulike media.
INNHALD
Tyngdepunktet i Mk 1 fell inn under faget medievitskap. Her blir det lagt eit teoretisk grunnlag i form av ulike modellar for analyse av massemedia, og ein del sentrale funn frå medieforskinga blir presenterte. Media si rolle og funksjon i samfunnet blir belyst, og verknadene deira på enkeltmenneske og samfunn blir drøfta, mellom anna knytt til skule og oppseding.
Kurset inneheld vidare ei fordjuping i m.a. historie, rammevilkår og arbeidsmåtar i dei fire emna «film og video», «dagspresse», «kringkasting» (radio og fjernsyn) og «nye medium» (internett). Emne som «journalistikk», «nyheiter» og «presseetikk» overlappar alle desse fire delane av studietilbodet. Spesielt for dei enkelte media er emne som «avisøkonomi», «radiohistorie», «programformer i radio», «filmhistorie, filmteori og -estetikk» osv.
UNDERVISNING OG PENSUM
1) Pensum:
Til studiet i Mediekunnskap 1 er det knytt eit pensum på om lag 2000 sider.
Pensumlitteraturen blir revidert kvar sommar av Høgskulen i Volda.
2) Innsendingsoppgåver:
Studentane skal svare skriftleg på ei viss mengd oppgåver, og sende oppgåvesvara til fjernundervisningslærar for kommentarar. Det blir gitt talkarakterar på oppgåvene. Alle oppgåvene må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
3) Kollokvier og fagdiskusjon på nettet:
Studentane skal vere med i ei kollokviegruppe som FB Fjernundervisning etablerer. Nettundervisninga er delt inn i bolkar, og i kvar bolk skal minst eitt tema behandlast i kollokviegruppene. Kvar gruppe har fem til ti deltakarar, og kvart medlem skal innleie til debatt minst ein gong.
4) Medieprodukt:
I løpet av studietida skal det leverast eit medieprodukt. Dette kan vere ein avisreportasje, ein informasjonsbrosjyre, eit radioprogram, ein videofilm eller liknande. Medieproduktet gjeld som eksamensarbeid.
EKSAMEN
Kurset blir avslutta med ein to dagars skriftleg heimeeksamen og munnleg eksamen. Munnleg eksamen er ei samtale om medieproduktet og eksaminasjon i pensum. Det blir gitt éin sluttkarakter som blir rekna ut slik:
Gjennomsnittet av oppgåvesvara tel 50 %.
Skriftlig eksamen tel 25 %.
Medieproduktet tel 25 %.
Karakteren blir justert etter munnleg eksamen.
Studentar som har greidd eksamen, får vitnemål frå Høgskulen i Volda. Dersom karakteren på skriftleg eksamen blir endra etter klage, må kandidaten opp til ny, munnleg eksamen. Da blir også medieproduktet vurdert på nytt.
Kurset byggjer på Mk 1, både i innhald og organisering.
MÅL
Studentane skal:
- oppnå eit djupare innsyn i media si rolle og funksjonar i samfunnet,
- tileigne seg kunnskap om mediepedagogikk, metodar, problemstillingar og resultat i medieforskinga,
- utvikle ei kritisk og analytisk haldning til media, og meistre reiskapar for medieanalyse og -kritikk,
- få utvida innsyn i arbeidsprosessar og yrkesroller, mellom anna gjennom kontakt med mediefaglege miljø.
INNHALD
Innhaldet i Mk 2 er dels ei vidareføring av og fordjuping i emne frå Mk 1, dels ei innføring i nokre nye emne. Kurset er delt inn i desse områda:
Massekommunikasjon og mediepedagogikk
Stoffet gir eit djupare innsyn i teori og forsking innan massekommunikasjon, med vekt på påverknad, og utvida kjennskap til mediepedagogiske syns- og arbeidsmåtar.
Medieinnhald, utforming og analyse
I dette emnet blir språk og presentasjon i media analysert, med utgangspunkt i retorikk, lesbarheit, grafisk formspråk, bildespråk, dramaturgi m.m.
Film, video
Her blir ulike stilretningar i film presenterte. Norsk filmhistorie, dokumentarfilm og film som forteljande medium er sentrale emne.
Journalistrolla
Journalistrolla blir kritisk belyst, m.a. med utgangspunkt i makt og påverknad frå kjeldene, og ut frå spørsmålet om journalistikkens legitimering og oppgåver i samfunnet.
Informasjon
Emnet gir ei innføring i teori knytt til informasjonsfaget, med vekt på offentleg informasjon.
Mediepolitikk
Statens rolle i styringa av medieutviklinga blir belyst og sett i forhold til andre krefter som påverkar utviklinga, strukturen og innhaldet til media.
Vitskapleg metode
Føremålet her er å gi ei innføring i kvantitativ og kvalitativ metode i medieforskinga.
PENSUM OG UNDERVISNING
1) Pensum:
Til studiet i Mediekunnskap 2 er det knytt eit pensum på om lag 2000 sider.
Pensumlitteraturen blir revidert kvar sommar av Høgskulen i Volda.
2) Innsendingsoppgåver:
Studentene skal svare skriftleg på ei viss mengd oppgåver, og sende oppgåvesvara til fjernundervisningslærar for kommentarar. Det blir gitt karakter på desse innsendingsoppgåvene. Alle oppgåvene må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
3) Kollokvier og fagdiskusjon på nettet:
Studentane skal vere med i ei kollokviegruppe som FB Fjernundervisning etablerer. Nettundervisninga er delt inn i bolkar, og i kvar bolk skal minst eitt tema behandlast i kollokviegruppene. Kvar gruppe har fem til ti deltakarar, og kvart medlem skal innleie til debatt minst ein gong.
4) Praksis og praksisrapport:
Studentene skal i løpet av kurset gjennomføre ein praksisperiode i ei mediebedrift, i eit omfang av minimum 40 timar. Dette kan vere anten produksjonspraksis eller observasjonspraksis. Etter denne perioden skal studenten levere ein praksisrapport. Ei nærare omtale av praksisrapporten finst i studierettleiinga frå FB Fjernundervisning. Praksisrapporten må vere godkjent av Høgskulen i Volda før kandidaten får tilsendt vitnemål.
EKSAMEN
Kurset blir avslutta med ein to dagars skriftleg heimeeksamen og munnleg eksamen. Munnleg eksamen er ein eksaminasjon i pensum.
Før studentane kan gå opp til munnleg eksamen i Mk 2, må eksamen frå Mk 1 (eller tilsvarande 10 vt-eining) vere stått.
Det blir gitt éin sluttkarakter som blir rekna ut slik:
Gjennomsnittet av oppgåvesvara tel 50 %.
Skriftleg eksamen tel 50 %.
Karakteren blir justert etter munnleg eksamen. Studentar som har greidd eksamen, får vitnemål frå Høgskulen i Volda. Dersom karakteren på skriftleg eksamen blir endra etter klage, må kandidaten opp til ny, munnleg eksamen.
MÅL
Informasjon som fagområde blir sett på som ein reiskap for å oppretthalde og utvikle demokratiet, og for å minske informasjonskløftene i samfunnet. Målet med dette studiet er at kandidatane skal bli betre kvalifiserte til informasjonsarbeid, særskilt i offentleg sektor, men også i organisasjonar og private føretak. Dette skal skje gjennom at studentane skal tileigne seg:
- ei forståing av kva informasjon er og kva rolle informasjon har i dagens samfunn
- kommunikasjons- og informasjonsfaglege teoriar slik at studentane bli i stand til å definere problem og målsetjingar, vurdere ulike verkemiddel og gjennomføre konkrete informasjonstiltak
- analytiske reiskapar som gjer dei stand til å tolke og forstå informasjonsfaglege problemstillingar
- eit grunnleggjande innsyn i mediesamfunnet
- eit grunnleggjande innsyn i profesjonelle arbeidsmåtar og metodar i praktisk og strategisk informasjonsarbeid
- eit medvite forhold til tale-, bilet-, skrift- og kroppsspråk
MÅLGRUPPE
Dette studietilbodet er særskilt retta mot dei som arbeider som informatørar på ulike nivå eller som er tillagt informasjonsoppgåver gjennom sitt daglege arbeid eller tillitsverv.
OMFANG
Studiet utgjer fem vekttal og er sett saman av informasjonsfaglege teoriar og medievitskap.
ORGANISERING OG GJENNOMFØRING
Fem vekttal Offentleg informasjon er organisert som eit eitt-semesters deltidsstudium med avsluttande eksamen.
Studiet kan organiserast som:
· studium ved Høgskulen i Volda
· desentralisert nettstudium i samarbeid med FB fjernundervisning
Undervisningsform: Ved høgskulen blir pensumrettleiinga organisert som forelesingar. I den nettbaserte versjonen blir studentane organiserte i diskusjonsgrupper med fagleg rettleiing. Alle studentane får oppgåver med ei obligatorisk innlevering til kvar av dei fem undervisningsbolkane i studiet. Innleveringane må vere godkjende og stått før studentane kan gå opp til eksamen. Studiet føreset at kandidatane har kunnskapar i tekstbehandling og kan bruke desse i praksis. Kopiering og gjenbruk av eigne oppgåver i nye samanhengar blir ikkje godtatt.
INNHALD
Studiet skal gi eit grunnleggjande teoretisk fundamentet for informasjonsarbeid. Gjennom fem emnebolkar med tilhøyrande obligatoriske oppgåveinnleveringar, får studentane ei innføring i kommunikasjons- og informasjonsfaglege emne. Det blir lagt vekt på organisasjonsteori og informasjonsformidling, og informasjon blir sett i eit større perspektiv.
Gjennom oppgåver og aktiv deltaking frå kandidatane skal det skapast ei medviten og kritisk haldning til det faglege arbeidet ein som informasjonsarbeidar utøver. Medvit om informasjonsyrkets eigen etikk, det faglege ansvaret og rolleforståing er sentrale stikkord gjennom dette femvekttals studiet.
Studiet omfattar følgjande 5 emnebolkar:
1) Omgrep, roller og modellar
Informasjon er eit mangetydig omgrep som ikkje kan avgrensast på ein enkel måte. Med denne bolken får studentane ei innføring i korleis «informasjon» blir nytta i denne utdanninga, i yrkeslivet, i forsking og i teori. Dette blir så utdjupa gjennom dei andre bolkane. I yrkeslivet har informasjonsmedarbeidaren ulike titlar og ulike oppgåver. Innsikt i og drøfting av desse rollene er viktig for å forstå både omgrepet informasjon og den funksjonen informasjon har i samfunnet og i ein organisasjon. Etikk er også eit sentralt emne i denne bolken. Som informasjonsarbeidar kan ein fort kome i krysspress mellom ulike grupper, og informasjon kan lett brukast som eit maktmiddel, medvite eller umedvite. Her står også lojalitetsomgrepet sentralt og informatørens maktfunksjon.
2) Informasjon og samfunn
Med den nære koplinga mellom informasjon, demokrati og samfunn som denne utdanninga legg opp til, er den norske informasjonspolitikken eit viktig grunnlag for dei normene norske informasjonsmedarbeidarar har for sitt arbeid. Informasjonspolitikken er dessutan grunnleggjande for å kunne forstå nokre av dei problem ein utdanna informasjonsmedarbeidar er venta å kunne løyse. Sentrale omgrep i denne bolken er m.a. informasjonskløfter, informasjon og demokrati og norsk informasjonspolitikk.
3) Organisasjons- og kommunikasjonsteori
Som informasjonsarbeidar i offentleg og privat verksemd, er evna til å sjå heilskapar viktig. Dette krev ofte at ein har evne til å analysere ulike problem på ein kritisk måte og å skilje kommunikasjonsproblem frå andre typar problem. Med denne bolken skal kandidaten få grunnleggjande innsikt i og kjennskap til reiskapar som kan nyttast til reflekterte og kritiske analysar og vurderingar av eiga verksemd. Slike analysar skal gi grunnlag for å kunne setje i verk informasjons- og kommunikasjonstiltak i eiga verksemd og retta mot samfunnet rundt.
4) Målgrupper og kommunikasjonsplanlegging
Målgruppeteori er ein grunnleggjande reiskap i informasjonsarbeid. Menneske har ulike føresetnader for å ta til seg informasjon, og kjennskap til målgruppa er derfor essensielt for at informasjon skal nå fram og bli forstått. Eit reflektert forhold til informasjonsplanlegging er nødvendig for å sikre god kommunikasjon. Med denne bolken skal studentane få grunnleggjande kjennskap til ulike delar og reiskapar i kommunikasjonsplanlegging, som til dømes analyse, målformulering og evaluerings-måtar. Kandidaten vil i tillegg få eit innblikk i formidling av offentleg informasjon på internett.
5) Språk og formidling
Sentralt er teori om og reiskapar for å analysere ulike typar tekster. Retorikk, sjangerkonvensjonar og språksosiologi er tema i denne bolken. Målet er å gjere studentane medvitne om sentrale eigenskapar ved ulike typar språkbruk brukt i formidling.
OPPTAKSKRAV OG KOMPETANSE
Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller opptak basert på realkompetanse.
Studiet gir formell kompetanse i utdanningssystemet for høgare utdanning i form av fem vekttal. Studiet vil vere ei god spesialisering kombinert med andre samfunnsvitskaplege og humanistiske fag.
EKSAMEN OG KARAKTERSYSTEM
Studiet blir avslutta med ein 4-timars skriftleg eksamen. Det blir nytta talkarakterar.
Karakterskalaen går frå 1,0 til 4,0 der 1,0 er beste karakter og 4,0 siste karakter for godkjent eksamen. Karakteren blir spesifisert med ein desimal.
På innsendingsoppgåvene vil karakteren stått/ikkje stått bli nytta. Alle innsendingsoppgåvene må vere stått før studentane kan gå opp til eksamen.
EVALUERING
Det skal gjennomførast fagevalueringar etter kvar studieslutt. Evalueringa skal gjennomførast av studentar og fagansvarlege.
PENSUM
Til studiet i Offentleg informasjon er det knytt eit pensum på vel 1000 sider.
Pensumlitteraturen blir revidert kvar sommar av Høgskulen i Volda.