Førre sideInnhaldNext Page



Institutt for kommunalfag

FELLES FOR UTDANNINGANE

Grunnutdanningane har ein tverrfagleg profil med vektlegging både på fag- og prosesskunnskap. Det er lagt opp til ein modulbasert studiemodell som opnar for stor grad av fleksibilitet. Studentane kan velje mellom eit eittårig, toårig eller treårig studium. Fullført treårig studieløp gir rett til tittelen kommunalkandidat. Høgskulen i Volda har som den einaste høgskulen i landet fått godkjenning frå departementet på eit mastergradsstudium i samfunnsplanlegging, førebels som ei treårig prøve-ordning. Dette er ei toårig yrkesretta vidareutdanning for søkjarar med minimum treårig utdanning.

I figur 1 finn du ei oversikt over grunnutdanningane og vidareutdanningane. Dette er samstundes ei mogleg studieløype som gir graden Master i samfunnsplanlegging.

Figur 1: Kommunalfagutdanninga i Volda

Andre vidareutdanningar, valfrie 10-vekttalseiningar i mastergraden: Lokal planlegging og Agenda 21 og kriminalitetsførebygging.

VURDERING OG EKSAMEN

Studentane blir vurderte gjennom skriftlege og munnlege individuelle prøver, og gjennom individuelle og gruppevise essay, oppgåver, rapportar m.m. Ein nyttar graderte talkarakterar på ein skala frå 1,0 til 6,0 med 1,0 som beste karakter og 4,0 som siste karakter for godkjend eksamen. Karakterane blir spesifiserte med ein desimal. I einskilde kurs blir det nytta karakteren stått/ikkje stått.

PENSUM

Vi viser til omtalen av dei ulike kursa, der aktuell litteratur er omtalt. Pensumliste blir utlevert ved semesterstart. Endeleg pensum blir sett i god tid før eksamen. Bøkene på pensumlistene kan kjøpast hos lokale bokhandlarar og hos studentbokhandelen. Kompendium og artikkelsamlingar kan kjøpast på høgskulen sin kopisentral i Berte Kanutte-huset. Generelt vil ein nytte siste utgåve av lærebøker.

I samband med det kontinuerlege arbeidet for å gjere studiet betre, kan det skje mindre omleggingar av studieplanen.

Meir informasjon: Sjå heimesida vår http://www.hivolda.no/asf/avdelingsside.

 

GRUNNUTDANNINGANE

ORGANISERING - FLEKSIBELT STUDIEOPPLEGG

Studentane kan anten ta heile det treårige kommunalkandidatstudiet eller ta berre delar av det og likevel få med seg avsluttande studium som kan brukast for å søkje relevante jobbar, i kombinasjon med andre studium og som del av studieløype fram mot cand.mag.-graden, mastergradar og doktorgradar. Denne fleksibiliteten er oppnådd ved at eittårig studium i samfunnsvitskap er identisk med første året av treårig studium i kommunal planlegging og administrasjon, og ved at toårig studium i samfunnsplanlegging er identisk med dei to første åra av treårig studium i kommunal planlegging og administrasjon.

Grunnutdanningane vektlegg både fag- og prosesskunnskap. Det første året startar med fire fag. Det andre året held fram med to fag, seminar og prosjektoppgåve eller praksis. I det tredje studieåret blir søkelyset retta mot lokale plan- og utviklingsprosessar, kombinert med forvaltningsrett, og arbeid med ei sjølvvald kandidatoppgåve. Denne måten å organisere studiet på gir kandidatane både fagleg breidde og fagleg fordjuping, noko som vi reknar som ein føresetnad for å arbeide med samfunnsplanlegging.

Studiet ved instituttet er gjort opne for andre studentar ved høgskulen og eksterne deltidsstudentar ved at det er bygt opp av kurs på 10, 5 og 2 vekttal.

Arbeidsmåtar

Det faglege innhaldet i grunnutdanningane svarar til det som er vanleg ved tilsvarande utdanningar ved universitet og vitskaplege høgskular. I starten av studiet er arbeidsforma mest førelesingar, og har stor likskap med grunnfagsundervisning ved universiteta. Seinare i studiet blir tilbodet meir varierande med skriftlege arbeid, øvingar, seminar o.l. , - meir likt fagstudium ved dei vitskaplege høgskulane.

Bruk av EDB inngår som ein integrert del av undervisninga. Det blir særleg lagt vekt på bruk av tekstbehandling og rekneark/statistikkprogram.

Deltidsstudentar og privatistar

Studentar som er opptekne til grunnutdanningane ved instituttet kan søkje om å få gjennomføre studia som deltidsstudentar og som eksterne studentar. Så langt råd er vil undervisinga bli tilrettelagt for desse. Alle kursa er opne for privatistar som har nødvendig studiekompetanse. Ein del av kursa og fageiningane blir kvart år annonsert gjennom dagspressa, katalogar m.m.

OPPTAKSKRAV OG KOMPETANSE

Opptakskrav

Opptaket til grunnutdanningane blir gjort etter felles opptaksreglement ved høgskulen. Det blir kravd generell studiekompetanse. Studentar kan takast opp direkte til Kommunalfag 2 dersom dei kan dokumentere kunnskap tilsvarande pensumet for Kommunalfag 1, og det er ledige plassar.Studentar kan takast opp direkte til Kommunalfag 3 dersom dei kan dokumentere kunnskap tilsvarande pensumet for Kommunalfag 1 og 2, og det er ledige plassar.

Internt førehandsopptak til Kommunalfag 2 og 3

Det blir også i løpet av vårsemesteret kvart år gjennomført eit internt opptak av studentar til Kommunalfag 2 og Kommunalfag 3.

Frå Årsstudium i samfunnsvitskap blir det teke opp så mange studentar til Kommunalfag 2 at desse studentane saman med studentane som allereie er opptekne til Toårig studium i samfunnsplanlegging og Treårig studium i kommunal planlegging og administrasjon (Kommunalkandidatutdanning) og eventuelle andre studentar, fyller talet på studieplassar. Opptaket blir basert på oppnådde konkurransepoeng frå opptaket til årsstudiet. Det er ein føresetnad for opptaket at studentane får ståkarakter i dei aktuelle faga som inngår i Kommunalfag I og har fått godkjent andre obligatoriske arbeidsoppgåver.

Frå Kommunalfag 2 blir det teke opp så mange studentar til Kommunalfag 3 at desse studentane saman med studentane som allereie er opptekne til Treårig studium i kommunal planlegging og administrasjon (Kommunalkandidatutdanning) og eventuelle andre studentar, fyller talet på studieplassar. Opptaket blir basert på ein gjennomsnittskarakter frå eksamenane som inngår i Kommunalfag 1 og eksamenane i Kommunal planlegging og Kommunal økonomi frå Kommunalfag 2. Det er ein føresetnad for opptaket at studentane gjennomfører Kommunalfag 2 seinare, får ståkarakter på dei valfrie seminara og får godkjent praksisrapporten/prosjektoppgåva.

Kompetanse

Studentane får godskrive inntil 20 vekttal i ein cand. mag. grad. for kvart fullført studieår.

Studentar som har fullført Kommunalfag 1 kan mellom anna:

Søkje om opptak til vidare studiar ved den 2-årige eller 3-årige kommunalfagutdanninga dersom det er ledige plassar - eller søkje om opptak til andre studium ved vår eller andre høgskular og universitet.

Kommunalfag 1 og Kommunalfag 2 utgjer til saman eit toårig studium i samfunns-planlegging med vekt på samfunnskunnskap, offentleg planlegging og kommunal økonomi. Studiet tilsvarer det tidlegare toårige studiet i kommunal planlegging og administrasjon. Studiet skal først og fremst gi studentane i brei innføring i samfunnsplanlegging og forståing av kommunal verksemd med tanke på vidare studie og spesialisering. Men studiet gjer også studentane kvalifiserte til å søkje stillingar mellom anna som sakshandsamar i offentleg verksemd, og kommuneplanleggar i små og mellomstore kommunar.

For dei som ønskjer å studere vidare, gir utdanninga mellom anna høve til å:

Fullført treårig utdanning gir kandidatane høg fagleg kompetanse til å arbeide med plan- og utviklingsarbeid i kommunar, regionar og lokalsamfunn. Kommunalfag 1, 2 og 3 er eit integrert treårig studium som gir retten til tittelen Kommunalkandidat. For dei som ønskjer å studere vidare, gir denne utdanninga mellom anna høve til å:

HVO har ein samarbeidsavtale med Universitetet i Tromsø som for tida krev at søkjarane i tillegg til toårig studium i samfunnsplanlegging, må ha anten sosiologi grunnfag, sosialantropologi grunnfag, eller tilsvarande som del av dei 80 vekttala som dannar grunnlag for innpassing til hovudfag i samfunnsplanlegging og lokalsamfunnsforsking. Vi arbeider for å få til fleire tilsvarande overgangar.

Førre sideToppen av sidaNext Page