Kurstype: Vidarerutdanning, godkjent som den obligatoriske fellesmodulen i samfunnsplanlegging i mastergradsstudiet
Målgruppe: Studentar med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning som ønskjer å vidareutdanne seg innanfor regional planlegging og regional utvikling
Opptakskrav: Grunnlaget for opptak er tre år høgare utdanning. Opptakskrava er meir spesifiserte i studieplanen
Studenttal: 25 studentar
Fagansvarleg: Professor dr. scient. Jørgen Amdam
MÅL
Modulen legg vekt på utfordringane som administrative, funksjonelle og økonomiske regionar står ovanfor, analyse av evnene dei har til å svare på slike og utvikling av strategiar og tiltak for å møte utfordringar. Modulen skal fungere som ein syntese av næringsretta utviklingsarbeid og regional samfunnsplanlegging med vekt på korleis ein kan stimulere utviklingsprosessar i regionale samfunn som kommunar og fylke. Modulen tek opp i seg emne som ofte blir kalla tiltaksarbeid, regionalt utviklingsarbeid, næringsutvikling og samfunnsutvikling. Modulen er difor eigna for planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylkeskommunar og stat, og leiarar i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor og viktige roller i regionalt utviklingsarbeid.
Studentane skal gjennom studiet utvikle:
· Kunnskap om perspektiv, teoriar og metoder som er relevante for regional utvikling og regional samfunnsplanlegging.
· Evne til kritisk vurdering av ulike modellar og oppskrifter for regional utvikling, samfunnsendring, partnerskap mellom privat og offentleg sektor m.m.
· Kompetanse til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i regionale samfunn.
· Kunnskap om samanhengen mellom proaktivt utviklingsarbeid og korleis det regionale planleggingssystemet kan brukast til å skape utvikling og samfunnsendring.
· Praktisk handlingskompetanse i målretta regionalt utviklingsarbeid .
· Evna til kritisk refleksjon over eiga rolle som planleggar og utviklingsaktør.
ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR
Undervisinga er delt på fem (seks) samlingar kvar på fire dagar fordelt på haust- og vårsemesteret (5. dagen er studiedag), med eventuelt forkurs for dei som ikkje har tilstrekkeleg forkunnskap. Undervisinga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting av pensum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne planleggingsproblem. Om det er interesse for det kan ei av samlingane (4) organiserast som ein ekskursjon - dette kan føre til endringar i undervisningsprogrammet.
Seks samlingar, kvar på fire dagar (tysdag til og med fredag) er fordelt utover studieåret slik:
Samling 0: veke 34-2001 (3 dagar)
Samling 1: veke 37.
Samling 2: veke 42.
Samling 3: veke 48.
Samling 4: veke 6 -2002.
Samling 5: veke 11.
Repetisjon: 2 dagar etter nærare avtale (veke 18)
Studentane får tilbod om å skrive to heimeoppgåver som faglærar kommenterer. Studenten vel sjølv kva for ei av desse han vil levere til eksamen, etter eventuell bearbeiding.
Fristar for innlevering av heimeoppgåver for kommentering: 1.desember og 1.april, frist for endeleg versjon som del av eksamen: 1. mai
VURDERING OG EKSAMEN
Eksamen er samansett av ein individuell 4 dagar skriftleg heimeeksamen/netteksamen i slutten av vårsemesteret og ei av heimeoppgåvene. Heimeeksamenen tel to tredjedelar og heimeoppgåva ein tredjedel når karakteren blir sett. Stått eksamen gir 10 vekttal i høgskulesystemet. Modulen kan mellom anna inngå i studieløyper fram mot i eittårig vidareutdanning i kommunal organisering og leiing, cand.mag.-graden, og som ein valfri modul i mastergraden i samfunnsplanlegging.
INNHALD
Tema i samlingane er organisert slik at ein følgjer den vanlege gangen i strategisk planlegging:
Samling 0: Forkurs - planleggingsteori og kommunalt og fylkeskommunalt
Samling 1: Utfordringar for og teoriar om regionalt utvikling
Samling 2: Kommunikativ planlegging og kreativ problemløysing
Samling 3: Kapabilitet - regionalt utviklings- og planleggingsarbeid
Samling 4: Politikk og strategi - regional framtid
Samling 5: Organisering - prosjektplanlegging og prosjektarbeid
Samling 0:
Forkurs- planleggingsteori og kommunalt og fylkes-kommunalt plansystem
Kurset gir ei kortfatta innføring i planleggingsteori, offentlege planleggingssystem, strategisk planlegging og regional utvikling - det minimum som trengst for å take resten av kurset om ein ikkje har grunnutdanning i samfunnsplanlegging.
Innhald
Teoriar om samfunnsplanlegging. Strategisk samfunnsplanlegging. Kommunal- og fylkeskommunal samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova. Regionale utviklingsprosessar og strategiar.
Samling 1:
Utfordringar for og teoriar om regionalt utvikling
Samlinga gir innsyn i drivkrefter i regionale nærings- og samfunnsstrukturar i Noreg og i utlandet, ulike teoretiske perspektiv på regional utvikling og skal utvikle ei kritisk forståing av kva utviklingsprosessar og politikk som har ført til den noverande strukturen. Like eins blir det drøfta kva utfordringar som noverande utviklingstrekk kan føre til av omfordeling og endring i ein territoriell samanheng. Samlinga gir også oversikt over kva utviklingsstrategiar som kan nyttast for å få endra utvikling og kva teoretisk grunnlag som strategiane har.
Innhald
Kva er regionar og regional utvikling? Teoretiske perspektiv på regional utvikling; «manufacturing belts», industrielle distrikt, innovative regionar og lærande regionar - utvikling initiert ovanfrå og nedanfrå - korleis kan regional utvikling forståast i lys av slike perspektiv? Forholdet mellom teoriar om regional utvikling og teoriar om planlegging, kritisk drøfting av idegrunnlaget.
Samling 2:
Ideutvikling - kommunikativ planlegging og kreativ problemløysing
Samlinga handlar om kreativitetsteknikkar i planlegging og kommunikative planleggings- og utviklingsstrategiar - sett i forhold til folkestyre og samfunnssystem. Siktemålet med samlinga er å gi ein teoretisk oversikt over utfordringar innan feltet. Bygd på dette blir det gjennomgått ulike kreativitetsteknikkar og kommunikasjonsformer med stor vekt på øving i metodane og drøfting av bruksområda. Det blir lagt vekt på å få fram at kreativitetsteknikkar byggjer på både det instrumentelle og det kommunikative rasjonalet, og kan fremme deltaking, demokrati og læring. Korleis slike metodar kan brukast i lokal og regional planlegging og utviklingsarbeid står sentralt.
Innhald
Det teoretiske grunnlaget - om instrumentell og kommunikativ rasjonalitet - forholdet til regional utvikling og planlegging. Kreativ problemløysing, idédugnad, konstruktiv kommentar m.m. Bruksområde for kreativ planlegging og problemløysing i utviklingsarbeid. Medverking frå innbyggarar i planprosessar. Politikarrolla i offentleg planlegging. Målstyring og demokrati.
Samling 3:
Kapabilitet - forholdet mellom regional utvikling og planlegging
Kurset gir innsyn i utviklinga av regionale samfunn, og kva som kan gjerast for å stimulere regionale handlingsmiljø. Kva kapabilitet - evne - har regionale samfunn til å møte utfordringar og korleis kan denne kapabiliteten utviklast? Er det mogleg å styre regional utvikling utanfrå eller innanfrå - eller må det brukast meir konkurransebaserte, proaktive og mobiliserande arbeidsmåtar? Kva er grensene for og rolla til planlegging av regional utvikling under ulike forhold? Kva virkemiddel og arbeidsmåtar er aktuelle for å stimulere regional utvikling - kva bruksområde har dei? Det er lagt stor vekt på kva som stimulerer regionale utviklingsprosessar, og korleis kommunar, fylke og stat kan bidra til utvikling av samfunn i samarbeid med private partnerar.
Innhald
Regional utvikling og samfunnsplanlegging - planlegginga si rolle og sine grenser ved regional utvikling - sett i forhold til ulike utviklingsteoriar. Strukturelle rammer for regional utvikling i ulike typar regionar - utfordringar knytt til ressursgrunnlag, infrastruktur, økonomi, befolkningsstruktur, sosiale og politiske forhold m.m. Sosiale nettverk og sosiale arenaer, mobilisering i teori og praksis, innovasjon og entreprenørskap - regional utvikling stimulert nedanfrå sett i forhold til stimulans utanfrå. Utfordringar knytt til rolledeling og samarbeid i det regionale utviklingsarbeid, innbyggarane, næringslivet, politikarane og administrasjonen - nivåproblemet. Døme frå regionale utviklingsprosessar, tiltaksarbeid og bygdeutvikling
Samling 4:
Politikk og strategi - regional framtid
Kurset tek for seg ulike politiske retningar og strategiar innan regional utvikling og planlegging i spesielt Europa og i Noreg. Forholdet mellom politikk og planlegging for utvikling av regional framtid står sentralt - spesielt kva rolle det regionale nivået kan ha i forhold til lokale, nasjonale og internasjonale strukturar og prosessar. Det er spesielt fokus på interessekonfliktar, men også samarbeidsmoglegheiter mellom aktørane.
Denne samlinga kan ha form av ein ekskursjon til eit EU-land.
Innhald
Regional politikk i fortid, notid og framtid - ulike retningar og strategiar og deira tilknytning til regional utviklings- og planleggingsteori. - Regional politikk og planlegging i Europa - «Regionenes Europa» - sett i forhold til norske tilhøve - strategiar for regional utvikling og erfaringar med slike. - Kommunane og fylkeskommunane som regionalpolitiske aktørar - utviklingstrekk innan tiltaksarbeid og strategisk næringsplanlegging.
Samling 5:
Organisering - prosjektplanlegging og prosjektarbeid
Samlinga omhandlar initiering, planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt i kommunar og anna offentleg verksemd - prosjekt og prosjektorganisering som virkemiddel i regional utvikling og planlegging. Prosjekta sin plass i samfunnsplanlegging - til dømes som del av regionale utviklingsprogram blir illustrert. Teorien blir illustrert med døme på prosjektarbeid/ utviklingsarbeid i regionar, kommunar, lokalsamfunn og organisasjonar. Det er lagt vekt på øvingar i prosjektorganisering og prosjektanalyse.
Innhald
Det teoretiske grunnlaget for prosjektarbeid. - Kvifor prosjektorganisering - fordelar og ulemper. -Korleis organisere eit prosjekt - internt og forholdet til basisorganisasjonen m.m. - Framdriftsplan og prosjektstyring, milepelar - kritiske løyper. - Evaluering av prosjektframdrift og -resultat. - Forankring til linjeorganisasjon og politiske organ. - Fallgruver ved prosjektarbeid. - Forholdet mellom prosjektarbeid og rullerande planlegging - korleis bruke prosjektarbeid i samband med regional planlegging - forholdet til regionale utviklingsprogram og fylkesplanlegging.
Repetisjonssamling/eksamensførebuing
Etter nærare avtale med studentane blir det arrangert ei eiga samling på to dagar der sentrale/vanskelege delar av pensum blir repetert og drøfta.
PENSUM
Modulen har eit pensum på om lag 2000 sider utanom litteratur knytt til forkurset. Minst 50 prosent av pensumet vil vere frå utlandet
Forkurs - planleggingsteori og kommunal og fylkeskommunal planlegging og administrasjon
Litteratur (i samband med kurset er det forutsett at studentane er kjende med perspektiva i desse eller liknande bøker):
Amdam, J. og R. Amdam (2000): Kommunikativ planlegging. Samlaget. Oslo. 300 s.
Amdam, J. og N. Veggeland (1998): Teorier om samfunnsplanlegging. Universitetsforlaget.
Hansen, J. Chr. og Selstad, T. (1998): Regional omstilling. Strukturbestemt eller styrbar? Universitetsforlaget. Oslo.
Utfordringar for og teoriar om regional utvikling og planlegging
Pensumlitteratur (bøker der størstedelen er pensum):
Amdam, Isaksen og Mattland Olsen 1994: Regionalpolitikk og bygdeutvikling: Teoretisk drøfting og empirisk belysning av lokale tiltaksstrategiar. Det Norske Samlaget. 230 sider.
Nilsson, J-E. 1998: Blomstrande näringsliv. Krefter och motkrefter bakom förändringar i europeiska och amerikanska regioner. IVA. ISBN 91-7082-630-7. Stockholm. 230 sider.
Pensumartiklar som inngår i kompendium:
Wicken, Olav 1997: Regionenes industrialisering - et historisk perspektiv. 31 s. I Isaksen, A. (red. 1997): Innovasjoner, næringspolitikk og regionalpolitikk. Høyskoleforlaget.
Asheim, B.T. & A. Isaksen (1997): Location, agglomeration and innovation: Towards regional innovation systems in Norway? European Planning Studies, 5.3, 299-330.
Ideutvikling - kommunikativ planlegging
Pensumlitteratur (bøker der størstedelen er pensum):
Amdam, J. og R. Amdam (2000): Kommunikativ planlegging. Samlaget. Oslo. Del 2. 180 s.
Healey, P. 1997: Collaborative Planning. Shaping Places in Fragmented Societies. Macmillan Press Ltd. London. Kap. 1, 2, 3, 4, 7, 8, 9 - 245 sider.
Offerdal, A. 1992: Den politiske kommunen. Samlaget 1992. s. 8 -55, 89 -105, 65 sider
Pensumartiklar som inngår i kompendium:
Healey, Patsy et. al. 1999: Institutional Capacity-building, Urban Planning and Urban Regeneration Projects. I Futura vol. 18. no. 3. 20 s.
Eriksen, E.O. 1998: Kommunikativ ledelse. Om verdier og styring i offentleg sektor. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 2. 22 s.
Forester, John: Argument, Power and Passion in Planning Practice. I Mandelbaum m.fl. 1996.
Bryson, John M. & Barbara C. Crosby: Planning and the Design and Use of Forums, Arenas, and Courts. I Mandelbaum m.fl. 1996.
Bolan, Richard S.: Planning and Institutional Design. I Mandelbaum m.fl. 1996.
Kapabilitet - forholdet mellom regional utvikling og planlegging
Litteratur (bøker der størstedelen er pensum):Sjå samling 1 og 2, og i tillegg:
Friedmann, J. 1992: Empowerment. The Politics of Alternative Development. Blackwell publishers. Cambridge MA & Oxford UK. 170 sider.
Pensumartiklar og utdrag av bøker som inngår i kompendium:
Peter Maskell m. fl. 1998: Localised Learning and Regional Development. Routledge. s. 1 - 72.
Törnquist, G. 1997: Människa, teknik och territorium. NordREFO 1997:4. 135 sider.
Walter B. Stöhr 1990: Global Challenge and Local Response. Mansell. Utdrag s. 1 - 54.
Storper. M. 1997: The regional world. New York Kap. 2, 10 og 11. 70 s.
Politikk og strategi - regional framtid
Litteratur (bøker der størstedelen er pensum)
Veggeland, N. 2000. Den nye regionalismen. Europeisk integrasjon og flernivåstyring. Fagbokforlaget. Bergen. 167 s.
Dagsaktuelle artiklar m.m. om m.a. ESDP og regional utvikling i EU. Sjå også om m.a. ESDP-perspektiv: http://www.nordregio.a.se/spespn/welcome.htm
Pensumartiklar og utdrag av bøker som inngår i kompendium:
Friedmann, John: Two Centuries of Planning Theory: An Overview. I Mandelbaum m.fl. 1996.
Forester, John: Planning in the Face of Power. APA Journal 1982.
Lindblom, Charles E.: The Science of «Muddling Through» I Campbell and Feinstein 1996.
Mintzberg, Henry: The Pitfalls of Strategic Planning.
Harper, T. L. & S. M. Stein: Postmodernist Planning Theory: The Incommensurability Premise. I Mandelbaum m.fl. 1996.
Flyvbjerg, Bent: Ti udsagn om rasjonalitet og magt. Kap. 20 i Rasjonalitet og makt II. 1991.
Organisering - prosjektplanlegging og prosjektarbeid
Aktuell Litteratur (bøker der størstedelen er pensum). Sjå tidlegare samlingar og i tillegg:
Westhagen, H. (1995): Prosjektarbeid. Styring Organisering Ledelse. Universitetsforlaget. 160 sider.