Kurstype: Avsluttande modul i mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging
Målgruppe: Studentar som ønskjer tildelt graden master i samfunnsplanlegging
Opptakskrav: Sæskilde opptakskrav, sjå den generelle omtalen av mastergradsstudiet ovafor
Studenttal: Talet på studentar er avgrensa til 10
Fagansvarleg: Jon Olav Myklebust supplert med Jørgen Amdam og Roar Amdam
Mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging er samansett av fire tivekttals modular. To modular er obligatoriske og to er valfrie. Dei obligatoriske modulane er Fellesmodulen i samfunnsplanlegging og Integrasjonsmodulen med masteroppgåve. Det er høve til å velje dei valfrie modulane frå ein meny av førehandsgodkjende modular eller å søkje om å få godkjent andre modular. Modulane må vere på minst 10 vekttal og på mastergradsnivå.
MÅL
Målet med Integrasjonsmodulen med masteroppgåve er å gi studentane teoretisk og metodisk innsikt i forskings- og utgreiingsarbeid som grunnlag for utarbeiding av masteroppgåva. Det blir lagt vekt på å kople og samanstille erfaringane til studentane og på den måten utvikle den teoretiske og praktiske kompetansen deira.
ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR
Undervisinga er lagt opp med fem vekesamlingar fordelt på heile studieåret:
Samling 1: veke 36
Samling 2: veke 43
Samling 3: veke 50
Samling 4: veke 7
Samling 5: veke 16
Undervisingsopplegget for samlingane er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting av pensum. Til vanleg vil dei første timane kvar dag bli brukt til gjennomgang av sentrale tema frå fellespensumet. Resten av samlinga er avsett til eigenaktivitet og gruppeaktivitetar med rettleiing. Arbeidet med oppgåva blir tillagt stor vekt i læringsprosessen, og det blir difor avsett tid på kvar samling til å drøfte tema, problemstillingar og metodiske tilnærmingar. Til kvar samling - med unntak av den første - skal studentane gi statusrapport frå arbeidet med oppgåva.
I samråd med dei fagansvarlege skal studentane velje tema for ei masteroppgåve. Oppgåva skal vere eit skriftleg arbeid som drøftar ei avgrensa problemstilling. Studentane kan gjerne ta utgangspunkt i problemstillingar frå eigen praksis og drøfte dei i lys av teoriar, modellar og aktuell forsking. Som hovudregel skal dette vere ei individuell oppgåve. Kvar student får oppnemnt ein rettleiar som skal bruke inntil 40 timar til oppgåvelesing og individuell rettleiing. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg forfattarskap og rapportering. Studenten skal forsvare oppgåva til munnleg eksamen etter at det skriftlege arbeidet er evaluert.
Frist for innlevering av masteroppgåve: 21.mai
VURDERING OG EKSAMEN
Evaluering av innlevert masteroppgåve. Munnleg forsvar av oppgåva og eksaminasjon i metodepensum. Oppgåva får eigen karakter som kan bli justert etter munnleg. Ved munnleg eksamen må studentane forsvare oppgåva og svare på spørsmål frå metodepensum. Oppgåva tel 2/3 og munnleg 1/3 når den endelege karakteren for modulen skal fastsetjast.
INNHALD
Oppgåvearbeidet strekkjer seg over heile studieåret og blir knytt til samlingane på denne måten: Samling 1: Val av tema. Samling 2: Val av problemstilling og utkast til prosjektdesign.- Samling 3: Innsamling og vurdering av data. Disposisjon med utfyllande kommentarar. - Samling 4: Første utkast til masteroppgåve. -Samling 5: Framlegging/presentasjon av masteroppgåva.
PENSUM
Ein føreset at studentane har grunnleggjande kunnskap om forskingsmetode tilsvarande eit pensum som blir dekt i ei av desse bøkene: Hellevik, O. (siste utgåve): Forskningsmetode i sosiologi og statsvitenskap. Oslo: Universitesforlaget. Holme, I.M. eller B. Krohn Solvang (siste utgåve): Metodevalg og metodebruk. Oslo: Tano.
Kvar student skal leggje opp eit pensum på minst 2000 sider. Av dette er 1000 sider sams for alle som deltek på kurset. Resten er tilpassa tema for masteroppgåva og skal godkjennast av rettleiar. Fellespensumet dekkjer grunnlagsproblematikk i samfunns-vitskapane, prosjekt-design, ulike metodiske tilnærmingar og rapportskriving
Aktuelt fellespensum
Pensum merka med * blir samla i eit eige kompendium.
Metodologisk refleksjon:
Brox, O. (1995): Praktisk samfunnsvitenskap. Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 1- 7. 130 s.
*Guba, E.G. og Lincoln, Y.S. (1994): Competing Paradigms in Qualitative Research. I: Denzin, N.K. og Lincoln, Y.S (eds.): Handbook of Qualitative Research. London: Sage. 13 s.
*Stake, R. (1994): Case Studies. I: Denzin, N.K. og Lincoln, Y.S (eds.): Handbook of Qualitative Research. London: Sage. 12 s.
Kalleberg, R. (1996): Forskningsopplegget og samfunnsforskningens dobbeltdialog. I: Holter, H. og Kalleberg, R.: Kvalitative metoder i samfunnsforskning. Oslo: Universitetsforlaget. 46 s.
Grønmo, S. (1996): Forholdet mellom kvantitative og kvalitative tilnærminger i samfunnsforskningen. I: Holter, H. og Kalleberg, R.: Kvalitative metoder i samfunnsforskning. Oslo: Universitetsforlaget. 26 s.
Bruk av skriftlege kjelder:
Kjeldstadli, K. (1997): Å analysere skriftlige kilder. I: Fossåskåret, E., Fuglestad, O.L. og Aase,T.H.: Metodisk feltarbeid. Produksjon og tolking av kvalitative data. Oslo: Universitetsforlaget. 30 s.
Eit forskingsprosjekt som undervisningskasus:
*Kvalsund, R. og Myklebust, J.O. (1996): Nedst ved bordet? Vidaregåande opplæring på særskilde vilkår under Reform 94. I: Blichfeldt et al.: Utdanning for alle.Evaluering av reform 94. Oslo: Tano Aschehoug.28 s.
Kvalitative tilnærmingar:
*Adler, P.A. og Adler, P. (1994): Observational Techniques. I: Denzin, N.K. og Lincoln, Y.S (eds.): Handbook of Qualitative Research. London: Sage. 15 s.
Kvale, S. (1998): Det kvalitative forskningsintervju. Oslo: Ad Notam Gyldendal 235 s.
Solberg, A. (1996): Erfaringer fra feltarbeid. I: Holter, H. og Kalleberg, R.: Kvalitative metoder i samfunnsforskning. Oslo: Universitetsforlaget.14 s.
Paulgaard, G. (1997): Feltarbeid i egen kultur - innenfra, utenfra eller begge
deler? I: Fossåskåret, E., Fuglestad, O.L. og Aase, T.H.: Metodisk feltarbeid. Produksjon og tolking av kvalitative data. Oslo: Universitetsforlaget. 24 s.
Måseide, P. (1997): Feltarbeid i organisasjonar. Sjukehuset som arena for sosiologisk forsking. I: Fossåskåret, E., Fuglestad, O.L. og Aase,T.H.: Metodisk feltarbeid. Produksjon og tolking av kvalitative data.Oslo: Univ.forl. 23 s.
Thuen, T. (1997): To perspektiver på studiet av lokale samfunn. I:Fossåskåret, E., Fuglestad, O.L. og Aase,T.H.: Metodisk feltarbeid. Produksjon og tolking av kvalitative data. Oslo: Universitetsforlaget. 30 s.
Kvantitativ analyse:
Brox, O. (1995): Praktisk samfunnsvitenskap. Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 8. 16 s.
Menard, S. (1991): Longitudinal Research. (Quantitative Applications in the Social Sciences.) London: Sage. 80 s.
Gayle, V. (2000): Quantitative Data Analysis. I: Burton, D. (ed.): Research Training for Social Scientists. London: Sage. 60 s.
Etisk refleksjon:
Fossåskåret, E. (1997): Har kunnskap sin eigen rett? Etiske utfordringar ved å distansere seg frå det nære. I: Fossåskåret, E., Fuglestad, O.L. og Aase,T.H.: Metodisk feltarbeid. Produksjon og tolking av kvalitative data. Oslo: Universitetsforlaget. 17 s.
Skriving og rapportering:
Brox, O. (1995): Praktisk samfunnsvitenskap. Oslo: Universitetsforlaget. Kapittel 9 og 10. 40 s.
Cuba, L. og Cocking, J. (1994): How to write about The Social Sciences. London: HarperCollinsPublishers. 156 s.
Fuglestad, O.L. (1997): Skriveprosessen i kvalitativ forsking. I: Fossåskåret, E., Fuglestad, O.L. og Aase,T.H.: Metodisk feltarbeid. Produksjon og tolking av kvalitative data. Oslo: Universitetsforlaget. 20 s.
*Richardson, L. (1994): Writing. A Method of Inquiry. I: Denzin, N.K. og Lincoln, Y.S (eds.): Handbook of Qualitative Research. London: Sage. 14 s.