Studieprogram:
Kristendomskunnskap grunnfag
Kristendomskunnskap mellomfagstillegg
Kristendomskunnskap og menighetsarbeid med vekt på ungdomsarbeid (KULS), 1år
Praktisk kateketisk årsstudium
Årsstudium i kyrkjeleg administrasjon, 20 vt (med atterhald om godkjenning)
Kateketutdanning, 4 år
Kristendomskunnskap med livssynsorientering 1, sjå Avdeling for lærarutdanning
Kristendomskunnskap med livssynsorientering 2, sjå Avdeling for lærarutdanning
Examen philosophicum
Examen facultatum
ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR
I dei fleste teoretiske faga er arbeidsforma ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid eller seminar, og individuelt studium. Det blir lagt vekt på sjølvstendig arbeid. I enkelte fag skal studentane også skrive seminarinnlegg og semesteroppgåver. For dei kyrkjelege yrkesutdanningane er det verdfullt at studentane tek aktivt del i kyrkjelyds- og organisasjonsarbeid i området, og såleis får integrert erfaring med teoretisk studium.
Litteraturen til dei einskilde faga er gjerne lista opp i to hovudgrupper: pensumlitteratur og støttelitteratur med handbøker. Utelating av einskilde avsnitt og kapittel i pensumlitteraturen er her ikkje alltid oppgitt. Der bøkene har kome i fleire opplag, kan også seinare utgåver nyttast. Etter avtale kan også tilsvarande pensumlister veljast. Når det er nødvendig, kan det bli endringar i pensumlitteraturen på kort varsel.
Evalueringsformer blir det orientert om under kvart fag, med atterhald om endringar.
I starten av kvart studieår blir det normalt arrangert ein weekend for alle på instituttet, både studentar og lærarar. Haustsemesteret anna kvart år blir det normalt arrangert obligatorisk ekskursjon til større kristelege organisasjonar, sentrale kyrkjelege råd og frikyrkjelege organ. Nærare informasjon får du ved studiestart