Førre sideInnhaldNext Page



KYKRG Kristendomskunnskap grunnfag, 20vt

Kurstype: Grunnkurs

Forkunnskap: Generell studiekompetanse

Koordinator: Bente Afset

MÅL

Studiet skal gi

- innføring i det vitskapelege studiet av kristendommen og andre religionar og livssyn, med eit kunnskapsmessig tyngdepunkt i evangelisk-luthersk tru- utfordringar til vidare arbeid med eigne trus- og livssynspørsmål- perspektiv på brukssamanhengane for den kristendomsfaglege kunnskapen i skule og kyrkje.

INNHALD

Studiet er delt opp i to bolkar, kalla G1 og G2. Den første inneheld Bibelfag og Systematisk teologi (truslære og etikk), den andre inneheld Kyrkjehistorie, Religions- og livssynskunnskap, og Religionspedagogikk med fagdidaktikk.

1. Kristendomskunnskap G1 (10 vekttal)

Bibelfag (GT + NT) (6 vekttal)

Bibelen er den grunnleggjande kjelda for kristen tru og livstolking i fortid og notid. Bibelfaga, studiet av det gamle og det nye testamentet, er slik og fundamentet for dei andre disiplinane i kristendomsfaget. Bibelen er ikkje berre ei bok, men ei heil samling bøker. Desse har vorte til over lang tid og speglar denne tilkomsthistoria i eit mangfald i innhald og form. Bibelfaga inneheld såleis både litterære, historiske og teologiske komponentar.

MÅL:

Studiet skal gi grunnleggjande innsikt i Bibelen sine litterære uttrykksformer (genre), i den historia som tekstane viser til og tolkar, innføring i metodisk tekstarbeid og i teologiske hovudtankar i GT og NT. Bibelfagsstudiet skal slik gi grunnlag for vidare vitskapeleg studium og for bruken av bibeltekstane i forkynning og undervisning.

ARBEIDSMÅTAR:

Det blir lagt stor vekt på tekststudium, dels gjennom oversynsmessig kjennskap til utvalde tekstbolkar og dels gjennom meir detaljert studium av enkelttekstar. Studentane bør gjere aktiv bruk av eit bibelsk atlas i bibelfagsstudiet. Studentane må og rekne med ei viss mengd sjølvstudium. Det blir gitt undervisning i delar av pensum gjennom førelesingar og seminar. Det blir lagt særlig vekt på trening i ulike tolkningsmetodar og og i oppgåveskriving. Det skal leverast 2 skriftlege arbeid før eksamen. Nærare opplysningar om omfang, oppgåveformuleringar og tidsfristar blir gjort kjent ved studiestart.

Det gamle testamentet

Studiet skal gi grunnleggjande kjennskap til Det gamle testamentet som religiøst og historisk dokument. Gjennom arbeidet med utvalde tekstar skal studenten tileigne seg innsyn i gamaltestamentleg teologi, metodiske reiskap til historisk og litterær lesing av skriftene og kjennskap til nokre av tekstene si verknadshistorie. Spørsmål om tekstane sin relevans i dag vil også verte teke opp.

Det nye testamente

I studiet av Det nye testamentet vil det bli lagt vekt på innføring i urkristendommen si historie, og på dei einskilde skriftene sin plass i denne historia. Særleg sentralt her står studiet av 1. Korintarbrev og Romarbrevet, og av evangelia etter Matteus og Johannes. Bibelteologisk er det viktig å få tak i hovudlinjene i evangelia og Paulusskriftene.

Systematisk teologi (truslære og etikk) (4 vekttal)

Dei systematiske disiplinane skal gi ei heilskapleg samanfatning av dei kristne trus- og moraloppfatningane, med referanse til og i dialog med samtida. Desse disiplinane representerer det mest integrerande perspektivet i faget. Dei dreg såleis vekslar både på bibelfaga og på kyrkjehistorie og konfesjonskunnskap.

I dei systematiske disiplinane skal ein og ta opp forholdet til andre religionar og livssyn. Dette knyter desse disiplinane til religions- og livssynskunnskapen.

2. Kristendomskunnskap G2 (10 vekttal)

Kyrkjehistorie (4 vekttal)

MÅL

Dette studieemnet skal gi ei historisk forståing både av kyrkja som samfunn og organisasjon, og av kristendommen som religion og lære. Eit viktig mål er å gi bakgrunn for kritisk refleksjon over kyrkja og kristendommen sin situasjon og rolle i samtida.

Religions og livssynskunnskap (3 vekttal)

Dette fagemnet skal gi ei allmenn innføring i både levande verdsreligionar og nyare livsperspektiv i Vesten. Fagperspektivet er difor dels idé- og religionshistorisk og dels religions- og kultursosiologisk.

I religionskunnskapen blir det lagt hovudvekt på jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og kinesisk religion, medan livssynskunnskapen fokuserer på humanisme, naturalisme, politiske ideologiar og nyreligiøse og synkretistiske innslag.

Denne disiplinen skal også gi ein bakgrunn for å forstå kristendommen sin rolle og funksjon i det moderne vestlege livssynsmangfoldet.

Religionspedagogikk med fagdidaktikk (3 vekttal)

Undervisninga i kristendomskunnskap, andre religionar og livssyn både i skule og kyrkje må sjåast i samanheng med den totale kulturformidlinga som heimane, lokalmiljøet og mediarøyndommen står for.

ORGANISERINGS- OG ARBEIDSMÅTAR

Undervisning og sjølvstudium:

Undervisninga blir gitt gjennom førelesingar, lærarleidde seminar og gruppearbeid. Ein kan ikkje rekne med at det bli forelese over heile pensum. Studiet inkluderer difor ein god del sjølvstudium. Studentane blir oppmoda om å organisere seg i kollokviegrupper, og instituttet vil hjelpe til med dette.

I bibelfag vil ein del av undervisninga om omfang, oppgåveformuleringar og tidsfristar blir gjort kjent ved studiestart.

Oppgåveskriving:

I bibelfag skal det leverast 2 skriftlege arbeid før eksamen, eitt i Det nye testament og eitt i Det gamle testamentet, Begge desse arbeida må vere vurdert til stått før studenten kan gå opp til eksamen.

Studiekvalitetstiltak

Det er utarbeidd eigne retningsliner for fagutval for sikring av studiekvalitet. Av denne går det mellom anna fram: Det blir oppretta fagutval for studiekvalitet ved kvart studieeining ved skulen (studium/fag/emne som skal avsluttast med eksamen). Utvalet skal vere samansett av ansvarleg faglærar og 3 studentar (med vararepresentantar). Ein av studentane er tillitsvald.

VURDERING OG EKSAMEN

Eksamen

Det blir halde to eksamenar; ein i G1 og ein i G2, og karakterane frå desse blir slått saman til ein endeleg karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved eksamen i kristendomskunnskap grunnfag G1 (bibelfag og systematisk teologi) kan følgjande hjelpemiddel takast med:

Ved eksamen i kristendomskunnskap grunnfag G2 (Kyrkjehistorie, religions- og livssynkunnskap og Religionspedagogikk med fagdidaktikk), kan følgjande hjelpemiddel takast med:

Reine understrekingar er tilletne i biblar og i L-97, men ikkje i dei andre hjelpemidla.

PENSUM

Kristendomskunnskap G1 - Bibelfag (GT+NT)

Pensumtekstar til GT:

Pensumlitteratur

Grunnbok til GT:

Grunnbok til NT:

Artiklar (GT):

Til tolking av dei gammeltestamentlige tekstane:

Til tolking av dei nytestamentlege tekstane:

eller ein kan lese:

Pensumlitteratur:

Handbøker:

Supplerande litteratur (GT):

Supplerande litteratur (NT):

Kristendomskunnskap G1 - systematisk teologi

Kristendomskunnskap G2 - kyrkjehistorie

Støttelitteratur:

Kristendomskunnskap G2 - religion- og livssynskunnskap

Kristendomskunnskap G2 - religionspedagogikk med fagdidaktikk

Pensumlitteratur

Supplerande litteratur:

Førre sideToppen av sidaNext Page