Animasjonsfilmutdanning - 2 år, 40 vekttal
Målet med animasjonsutdanninga i Volda er å kvalifisere studentane til profesjonelt arbeid med animasjonsfilm som sjølvstendig uttrykk, og bruk av animerte teknikkar i nyheiter, informasjonsprogram, reklame og underhaldning.
Innhald
Studiet i animasjonsfilm er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. I tillegg til dei animasjonsfaglege emna som til dømes animasjonshistorie, produksjonsteori og teknisk opplæring, omfattar animasjonsstudiet medievitskap I, II og III. Dette faget er felles for alle dei 2-årige studia ved avdelinga.
Arbeidsformer
Studiet er ein kombinasjon av forelesningar, gruppearbeid, og i svært stor grad praktiske øvingar. Dei praktiske øvingane og undervisninga i høve til denne er obligatorisk.
Opptak
Til animasjonsfilmutdanninga ver t det i tillegg til vanleg studiekompetanse, kravd at studentane skal leggje fram arbeidsprøver som ein del av søknaden. Kva for arbeidsprøver som krevst, vert opplyst av høgskulen. Det vert kvart år teke opp inntil 10 studentar til denne utdanninga.
Kompetanse og yrkesliv
Den norske animasjonsbransjen er liten når ein samanliknar med andre mediemiljø i Noreg, og bransjen rekrutterer folk med ulik bakgrunn. Animatørar arbeider
med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i f jernsyn er i dag vanleg, og i tillegg representerer nyare media (som CD-rom, Internett, dataspel m.m.) ei utfordring for utdanningsmiljøa.Studiet gir 40 vekttal i ein cand.mag.-grad.
Informasjonsutdanning - 2 år, 40 vekttal
Informasjonsutdanninga kvalifiserer for informasjonsfagleg arbeid i offentleg forvaltning og i private organisasjonar og bedrifter. Utdanninga gir studentane analytiske reiskapar som både gjer dei i stand til å tolke og å forstå informasjonsfaglege problemstillingar, og til å kople teori med praktisk arbeid. Studentane vert i stand til å definere problem og målsetjingar, vurdere ulike verkemiddel og gjennomføre konkrete informasjonstiltak. Studentane får eit medvite forhold til tale-, bilde- og skriftspråk.
Informasjonsmedarbeidaren har ofte ein rådgivande funksjon knytt til leiinga i ulike organisasjonar og føretak. Studiet legg difor vekt på at studentane må kunne analysere kritisk kva som er kommunikasjonsproblem,og kva ein organisasjon må løyse på andre måtar. Slike analysar skal gi grunnlag for å kunne settje ut i livet informasjons-og kommunikasjonstiltak retta både mot samfunnet rundt og innanfor eigen organisasjon.
Innhald
Studiet tilbyr ei brei, generell innføring i teoretisk og praktisk informasjonsarbeid. Denne delen omfattar blant anna innføring i journalistikk, framføringsteknikk, intervjutrening, ulike typar språkbruk brukt i formidling, organisering av prosjektarbeid, og ulike former for tekstproduksjon og informasjon via Internett. Det handlar om å kunne meistre det norske språket i ulike typar formidling, om å meistre produksjon av internavis, brosjyre, web-sider, og om å meistre direkte presentasjonar ansikt til ansikt med eit publikum, i tillegg til indirekte formidling med hjelp av massemedia. Koplinga av teori og praksis vert sett ut i livet gjennom intern praksis knytt til å analysere og utføre lokalt forankra oppdrag for organisasjonar. Dette vert vidareført i ein ekstern praksis i informasjonsavdelingar i sentrale norske organisasjonar. Ikkje minst er analyser av medieprodukt bakt inn i utdanninga gjennom den medievitskaplege undervisninga.
Arbeidsformer
Utdanninga legg stor vekt på praktiske øvingar, og studentane må vere innstilte på produksjonspress og korte fristar. Ein ventar at studentane held seg godt orienter te om aktuelle samfunnsspørsmål. Dei skriftlege arbeida og produksjonane vert utførte både individuelt og i grupper. Dei vert evaluerte av lærarar og medstudentar. Arbeidsformene stiller store krav til sjølvstendig arbeid og samarbeid i gruppe innan faste tidsfristar. Analyser av medieprodukt er viktige innslag i utdanninga.
Opptak
Til informasjonsutdanninga vert studieplassane fordelte i samsvar med det generelle opptaksreglementet for grunnutdanningar. Det vert kvart år teke opp inntil 27 studentar.
Kompetanse og yrkesliv
Det er i dag ulike rekrutteringsvegar til informasjonsarbeid, men vanlege krav er høgare utdanning og praksis. Informasjonsutdanninga har eit godt nettverk til sentrale yrkesmiljø spesielt i offentleg, men også i privat sektor. Gjennom utplassering i arbeidslivet i 4. semester får kvar einskild student direkte kontakt med fagmiljøa. Utdanninga vil òg vere ei god spesialisering kombinert med andre samfunnsvitskaplege eller humanistiske fag. Studiet gir 40 vekttal i ein cand.mag.-grad.
Journalistutdanning - 2 år, 40 vekttal
Utdanninga kvalif iserer for journalistisk arbeid, med spesialisering i avis,radio og f jernsyn. Målet med journalistutdanninga er å gi opplæring og øving i journalistisk arbeid, gi kunnskap om ulike media, deira rolle og oppgåver, gjere studentane kjende med forsking om massemedia, ,journalistikk,, journalistisk etikk og om arbeidssituasjonen for journalistar. Vidare vert det lagt vekt på å gi kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål, og øve opp evna til å nytte samfunnsvitskaplege analysemodellar. Studentane skal få eit medvite høve til tale-, bilde- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel. Studentane skal også utvikle sine evner til samarbeid og kollektivt ansvar.
Innhald
Journalistutdanninga i Volda er delt opp i tre spesialiseringsfelt; avis, radio og f jernsyn, med kvar sine respektive redaksjonslokale/studio. Den teoretiske del en av studiet er likevel felles. Det vert undervist i journalistikk og mediefag, i norsk og i samfunnsfag. Praksis i avis og/eller etermedia er ein integrert del av studiet.
Arbeidsformer
Utdanninga l egg stor vekt på praktiske øvingar, og studentane må vere innstilte på produksjonspress og korte fristar. Ein ventar at studentane held seg godt
orienterte om aktuelle samfunnsspørsmål. Dei skriftlege arbeida og produksjonane vert ut førte både individuelt og i grupper. Dei vert evaluerte av lærarar og medstudentar. Arbeidsformene still er store krav til sjølvstendig arbeid og samarbeid i gruppe innan faste tidsfristar. Analyser av medieprodukt er viktige innslag i utdanninga.
Opptak
Til journalistutdanninga vart det frå år 2001 innført 40 %primærvitnemålskvote. Resten av plassene vert fordelt slik:
• 30 %til søkjarar i ordinær kvote
• 30 %til søkjarar med godkjend praksis
Kompetanse og yrkesliv
Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer folk frå ulike utdanningar. Vel tretti prosent av utøvande journalistar i Norge har journalistutdanning. Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei medvite haldning til yrkesrolla si. Journalistutdanninga ved Høgskul en i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet. Dei fleste studentane får attraktive praksisplassar i presse og kringkasting. Studentane har rett til medlemsskap i Norsk Journalistlag og får ved medlemsskap Norsk Presseforbund sitt pressekort. Studiet gjev 40 vekttal i ein cand.mag.–grad.
Fjernsynsreportasje og dokumentar - 1 år
Dette er eit påbyggingsstudium for studentar med to års utdanning i f jernsynsjournalistikk eller tilsvarande utdanning. Studiet kvalifiserer for arbeid med fjernsynsreportasje og dokumentarprogram, lengre produksjonar og meir omfattande tema og problemstillingar. Studiet disponerer profesjonelt videoutstyr.
Innhald
Studiet er eit praktisk-teoretisk studium der studentane:
-får kunnskap om arbeidsmåtar og historie innan dokumentar og reportasje
-vert kjende med ulike teoretiske syn på film/f jernsyn
-får høve til å lage produksjonar med rettleiing og evaluering
-får arbeide med ei teoretisk oppgåve knytt til dokumentar og reportasje
Arbeidsformer
Utdanninga legg stor vekt på praktiske øvingar, og studentane må vere innstillte på produksjonspress og korte fristar. Ein ventar at studentane held seg godt
orienterte om aktuelle samfunnsspørsmål. Dei skriftlege arbeida og produksjonane vert utførte både individuelt og i grupper. Dei ver t evaluerte av lærarar og medstudentar. Arbeidsformene still er store krav til sjølvstendig arbeid og samarbeid i gruppe innan faste tidsfristar. Analyser av medieprodukter viktige innslag i
utdanninga.
Opptak
Studiet i f jernsynsreportasje og dokumentar føreset grunnleggjande kunnskapar i journalistikk og f jernsynsproduksjon, og tek opp studentar frå den to-årige journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda, eller søkjarar med tilsvarande bakgrunn. Søknaden skal vurderast av eit eige utval som legg fram innstilling til opptakskomiteen for mediefaga. Det vert kvart år teke opp inntil 10 studentar til denne utdanninga.
Kompetanse og yrkesliv
Studiet kvalifiserer for arbeid med fjernsynsreport asje og dokumentarprogram, lengre produksjonar og meir omfattande tema og problemstillingar.
Studiet gir 20 vekttal i ein cand. mag.-grad.
|Tilbake til studietilbod
|Til HVO si heimeside
For WWW: -pab2001