Norsk

Norsk grunnfag - 20 vt

Innhald

Grunnfaget gir grunnleggjande kunnskapar i norsk (nordisk) språk og litteratur. Studiet svarar i omfang og nivå til grunnfag i nordisk ved universiteta. Normert studietid er såleis to semester, men ein student er ikkje bunden til å fullføre studiet innanfor denne tidsramma. Det er høve til å ta eksamen i dei to hovuddisiplinane språk og litteratur i ulike semester.

Arbeidsformer

Gjennom forelesingar, seminar og sjølvstendig arbeid med stoffet skal studentane tileigne seg sentrale kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid, og dessutan få ei første innføring i vitskapleg metode i faget.

Opptak

Det vert teke opp studentar både i vår- og haustsemesteret.

Kompetanse

Både grunnfag, mellomfag og storfag kan nyttast som del av ein universitetsgrad. I ein nasjonal cand.mag.-grad på 80 vekttal utgjer grunnfagseksamen 20 vekttal, mellomfags- og storfagstillegget 10 vekttal kvar. Studentar som har fullført storfag, får såleis samla 40 vekttal i norsk.

Norsk mellomfagstillegg - 10 vt

Innhald og arbeidsformer

Mellomfagstillegget (10 vekttal) er dels ei fordjuping i avgrensa sentrale emne frå grunnfagsstudiet, dels eit studium av nye emne innanfor norsk (nordisk) språk og litteratur. Gjennom forelesingar, gruppearbeid og sjølvstendig arbeid med stoffet skal studentane skaffe seg innsikt og kompetanse i sentrale disiplinar i norsk språk og litteratur. Studiet går haustsemesteret 2001.

Opptak

Mellomfagstillegget byggjer på fullført grunnfagseksamen.

Norsk 1 - 10 vt

Dette er ein obligatorisk del av den 4-årige allmennlærarutdanninga. Norsk er også ein sentral del av det fagleg-pedagogiske studiet i førskulelærarutdanninga

Norsk 2 - 10 vt

Innhald

Eininga har først og fremst ein historisk profil. I tillegg vert det lagt vekt på å gjere studentane medvitne om norsk som skulefag og vitskapsfag. Denne allmenne fagdelen utgjer halvparten av studiet. Ein fjerdedel av studiet er ein såkalla fordjupingsdel, der ein går nærare inn på eitt utvalt emne. I den siste fjerdedelen av studiet skal studentane arbeide sjølvstendig med eit fritt valt norskfagleg emne.

Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, seminar, gruppearbeid og individuell fordjuping. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.

Opptak

Opptak på Norsk 2, 10 vekttal, føreset fullført Norsk 1, 10 vekttal.

Kompetanse

Desse to einingane gir til saman same kompetansen som ei årseining (10+10 vekttal). Studentane kan med dette grunnlaget søkje om opptak til mellomfag og så eventuelt gå vidare til storfag og hovudfag ved Høgskulen i Volda eller ved andre institusjonar som gir slike tilbod.

Norsk storfagstillegg - 10 vt

Innhald og arbeidsformer

Storfagstillegget utgjer eitt semesters studium over mellomfagsnivå. Studentane skal studere eit avgrensa emne innanfor norsk (nordisk) språk eller litteratur og gjennomføre eit prosjektarbeid i tilknyting til emnet.Det vert lagt stor vekt på å gi studentane ei innføring i vitskapleg arbeidsmåte.

Opptak

Storfagstillegget byggjer på fullført mellomfag (30 vekttal). Det vert teke opp studentar både i vår- og haustsemesteret.

Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar,1 år (10 vekttal)

Formål

Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar har som mål å gi studentane den kunnskap og dugleik som trengst for å kunne studere vidare ved norske høgskular og universitet eller utøve eit akademisk yrke i Noreg.

Innhald

Studiet er konsentrert om fagområda norsk språk, norsk kultur og samfunnskunnskap. For å verte oppteken på eit fagstudium, må gjennomsnittskarakteren på eksamenane vere 3.0 eller betre.

Opptak

Søkjaren må vere studiekvalifisert i samsvar med kravet til generell studiekompetanse. Søkjaren må dokumentere kunnskapar i engelsk.

Søknadsfristar til NUS-studiet

* 1. februar for søkjarar frå utlandet
* 15. april for søkjarar som er busette i Noreg

Kompetanse

Fulltidsstudiet over eitt år gir 10 vekttal ved fullført eksamen.

|Tilbake til studietilbod |Til HVO si heimeside

For WWW: -pab2001